


Eg må ærleg innrømme at eg framleis prøvar å bestemme meg for kva eg meiner om vindmøller i kommuna, og difor inviterar eg til å kommentere på dette blogginnlegget. Dette vil eg sjølvsagt gjere på ein mest mogeleg pedagogisk måte. Så:
1. vil du ha vindmøller i kommunen?
2. kvifor? kvifor ikkje?
3. er det ein spesiell stad du ikkje vil ha vindmøller, eller vil du overhodet ikkje ha?
4. ser du noko positivt/negativt (det motsette av det du eigentleg meiner) ved vindmøller?
5. anna du vil tilføye
Eg ber alle om å vere saklege i kommenteringa. Den kommenteringa som foregår i nettavisene for tida, tykkjer eg at eg svært ubehageleg - og noko slikt er eg ikkje interessert i i min blogg. Så eg ber deg om å gi meg ei kommentering som ikkje er personangrep, usakleg eller spekulativ. Takk.
Hei Isabell!
SvarSlettEg stemde på deg i haust, mykje fordi eg veit kva verdiar du står for, og eg veit du er opptatt av framtida. Difor håpar eg no du kan ta et tak for oss unge som ikkje ser noko lyst på å få naturen i nærmaste nærleik ødelagt av endelause grusvegar og vindmøller som både bråkar og øydelegg naturopplevelsen.
Fjellet og naturen er det vi kan nyte av gratis luksus i Norge, spesielt i Bremanger, og derfor synes eg ikkje at ein skal ødelegge det med 17 km vei og et titalls vindmøller på den flekken vi brukar mest når vi i Dalen går på fjellet.
Den turen vi går mest heime, er turen til den såkalla "Oldeidsmannen". Kjem vindmøllene, kjem dei til å stå rundt oss frå alle kantar når vi kjem opp på toppen. Og det blir stort sett grusvei under føta våre, ikkje så mykje lyng og mose.
Dei arbeidsplassane som er lova, er det ikkje sikkert kjem til å komme folket i Bremanger til gangs, og i vertfall ikkje på sikt. I tillegg har eg lest fleire artiklar, blant anna frå Teknisk Ukeblad, der det blir snakka om at ein får mykje mindre igjen for møllekraft enn det ein hadde trudd til no.
Eg registrerar også grunneigarar og andre som absolutt vil ha møllene, men eg har en mistanke om at dei som kjempar mest for å få dei, er dei som går minst på fjellet i det aktuelle området.
Bruk heller energien på å utbygge den vasskrafta vi allereie har i dag, og sett gjerne opp vindmøller til havs, men vær så snill å ikkje øydelegg den gleda vi har av flotte naturopplevingar i fjellet!
1. Ja.
SvarSlett2. Fordi vi alltid vil trenge mer energi. Og vindmøller er et veldig bra supplement til vannkraft, spesielt om vannkraftverk blir konvertert til pumpekraftverk.
3. Så lenge de er såpass langt unna hus at man ikke hører de, ser jeg ingen problemer. Det vil alltid være uvant om det dukker opp noe nytt i horisonten, men etter en stund tenker man ikke over det.
4. Nei.
5. Nei.
1. Nei
SvarSlett2. Fordi vi eksporterer all energien til andre land og det er ein utgåande teknologi.
3. 17 km grusvi på nokre få km2 vile være der i mange hundre år framover, og ødelegge utruleg mykje for oss som er brukarar av naturen i Dalen.
4. Nei
5.Nei
Denne kommentaren har blitt fjernet av forfatteren.
SvarSlettSom eg har kommentert på FB-sida di er urørt natur og tilgang til unike naturopplevingar det mest lukrative ved å busette seg i utkantnorge. Utover naturen er det SVÆRT få goder ved å busette seg i tildømes Svelgen, eller i enda mindre grad strekninga myklebustkrysset-årebrot/villevika. Fleire spørreundersøkelsar har vist at ungdom frå "bygda" som flyttar heim att for å etablere seg ynskjer spanande jobbar, og tilgang til naturen dei ikkje hadde i "byen."
SvarSlettUten tilflytting av unge vil sjølvsagt bygdene døy ut, og humankapitalen i bygda minke tilsvarande. Viktigheten av å satse på humankapital kjem til syne i beregningar gjort av SSB som visar at humankapitalen utgjorde omlag 75% av nasjonalformuen ved utgangen av 2009, kontra oljen som utgjorde berre 12%. Det skal derfor ikkje rare økonomen til for å forstå kor uøkonomisk det er å fokusere på kortsiktig profittmaksimering, i form av avkastning frå vindmøllene, i staden for en langsiktig, og mykje meir lønnsom, satsing på menneska som bur i kommunen (satsing, les: ikkje øydelegge trekkplasteret/godene). Dette er heilt grunnleggande økonomiske prinsipp, og såleis skremmande at kommunestyre ikkje har greie på... noko spesielt høgre visar at dei ikkje har. Det forbausar meg korleis dei som sitter på pengesekken ikkje har beire innsikt enn kva dei har.
Argumentet om arbeidsplassar er også latterlig, da all tidlegare erfaring frå liknande prosjekt tilseier at det berre kjem ei handfull polske ungkarar, som ikkje er interessert i å busette seg her permanent likevel.
Å eingang vurdere å regelrett skamfare fullstendig urørt natur, for en profitt som i stor grad er basert på spekulasjoner, er for meg heilt uforståeleg. Eg håpar komunepolitikarane i denne saka kan vise seg tilliten dei er gitt verdig, og vise at dei kan forvalte den største verdien vi har i fylket på en fornuftig måte. Eg minnar og om at dersom dette prosjektet skulle bli ein "fiasko" økonomisk sett er det ikkje like lett å koste hundre meter høge vindmøller under teppet, hverken no eller om 40 år!
-Magnus Gulhaugen,
potensiell tilbakeflyttar
1. NEI !
SvarSlett2. Eg meinar at å seie ja til vindmøller i Bremanger er hasardspel med framtida vår !! Den urørte naturen vi er så glad i er uerstatteleg, den kan ikkje erstattast med pengar og nokre få arbeidsplassar . Å sei at dette er miljøvennlig er å føre folk bak lyset , noko du vil finne ut visst du virkeleg set deg inn i alt som vedrører vindmølleindustrien.Eg vil og annbefale deg å sjå på innholdet i denne linken : http://www.nrk.no/nett-tv/klipp/193197/
3. Når det gjeld plassering av vindmølleindustri må det bli på plassar som allerede er berørt av anna industri og ikkje på dei verdifulle uberørte fjellområda langs kysten .
4 .Etter alt eg har sett , lest og høyrt er det vanskeleg for meg å finne noko positivt med vindmølleindustri.Vi må tenke over heile livsløpet til ei vindmøll frå utvinninga av mineralane som trengs,produksjonen , transporten , driftsperioden med lekasjar av gift/olje til grunnen ,haveri , fugledrap ,støy etc....
5. Ein ting eg er heilt sikker på er at for veldig mange ungdommar som går med planar om å flytte tilbake til Bremanger så er eit ja til vindmøller feilslått politikk.
Bygda Bremanger med fjella overgrodde med vindindustri blir nok lite attraktiv å flytte til for folk som er glade i naturen .
Mi bøn til politikarane i kommunen er at vi får behalde dei fantastisk flotte urørte fjella våre.
- Roger Igland ,
Grunneigar på Igland som håpar på ei framtid for etterkommarane sine i Bremanger !!
1. nei absolutt IKKJE!
SvarSlett2. Fordi det ikkje berre øydelegg naturen, men er ein stygg måte for grunneigarane til å skaffe seg ekstra gryn i kassa. Ikkje minst, også går straumen som blir danna rett til utlandet, og føre til høgare straumregningar til oss!
det er berre snakk om pengar, pengar! ka med den flotte naturen vi har, som trekker turistar og lokalbefolkninga ut og opp i fjellet? det blir øydelagt.. veldig dumt!
3. overhode ikkje ha det.
4. det positive er jo at det blir noken få ledige arbeidsplassa til befolkninga, men eg meinar det ikkje er grunn nok.
5. nei takk :)
Frustrert bremangarungdom!
det handla om framtida vår, håpa dei ikkje øydelegg den..