søndag 4. desember 2011

vindmøller

Bremanger kommunestyre var på synfaring på fredag. Vi reiste til Mehuken for å sjå på dei vindmøllene som var der, også reiste vi på Steinfjellet for å sjå kor vindmøllene eventuelt ville kome.





Eg må ærleg innrømme at eg framleis prøvar å bestemme meg for kva eg meiner om vindmøller i kommuna, og difor inviterar eg til å kommentere på dette blogginnlegget. Dette vil eg sjølvsagt gjere på ein mest mogeleg pedagogisk måte. Så:

1. vil du ha vindmøller i kommunen?
2. kvifor? kvifor ikkje?
3. er det ein spesiell stad du ikkje vil ha vindmøller, eller vil du overhodet ikkje ha?
4. ser du noko positivt/negativt (det motsette av det du eigentleg meiner) ved vindmøller?
5. anna du vil tilføye

Eg ber alle om å vere saklege i kommenteringa. Den kommenteringa som foregår i nettavisene for tida, tykkjer eg at eg svært ubehageleg - og noko slikt er eg ikkje interessert i i min blogg. Så eg ber deg om å gi meg ei kommentering som ikkje er personangrep, usakleg eller spekulativ. Takk.

lørdag 17. september 2011

kommunestyremedlem

då var valet over for denne gong.

eg er kommunestyremedlem denne
perioden, og kjem nok til å fortsette
å bruke denne bloggen innimellom.
kanskje ikkje så mykje no i byrjinga,
for eg har eindel å gjere for tida.

takk for røystene! ;)

onsdag 7. september 2011

Bremanger SV sitt program

Her ligg programmet til Bremanger SV.
Trykk på pila i høgre hjørne eller her for å sjå det i større format.












onsdag 31. august 2011

Stem Isabel då vel ;)

Eg har fine vener og partikollegaer som har laga side til meg på facebook. Lik gjerne den.

Karakterar

Den siste tida har Høgre sitt karakterjag prega avisene. Høgre vil gjerne ha karakterane ned i barneskulen, blant anna for motivasjon og for at elevane skal vite korleis dei ligg an. Dette er eg mot, og det er det fleire grunnar til.

Motiverar eigentleg karakterar? Og treng eigentleg barneskuleelevar karakterar for å bli motivert? Då eg las pedagogikk for nokre år sidan, las vi om ytre og indre motivasjon - der blant anna meistringskjensle er indre motivasjon og karakterar er ytre motivasjon. Som lærar skal ein satse på å gi elevane indre motivasjon, fordi det er denne motivasjonen som gir best læring. Eg veit det sjølv, når eg les noko eg vil kunne i motsetning til at eg les fordi eg skal prestere godt på eksamen. Spør meg tre veker etterpå, og sjå kva eg framleis kan noko om. Folk lærer best når dei lærer fordi dei faktisk vil lære, og lærer ikkje like godt av eit karakterjag. Derimot viser forsking at karakterar fører til mindre motiverte elevar, og det vil vi vel unngå!?

Det blir dessutan sagt at karakterar er naudsynt for å gi elevar tilbakemelding om korleis dei ligg an. Her meiner eg at det finnest betre måtar å gi den tilbakemeldinga. Ein karakter er eit tal, og den seier veldig lite anna enn kor på ein skala du ligg. Korleis fører dette til utvikling? Som lærar skal ein gi tilbakemelding til elevane på ein skikkeleg måte, ein måte som kan føre til at eleven utviklar seg. Dette betyr meir enn eit tal. Og dersom elevane faktisk får denne tilbakemeldinga, ei skikkeleg ei, så vil dei ikkje ha behov for karakterar for å sjå korleis dei ligg an. Då får dei fred til å utvikle seg til det betre, utan å samanlikne seg med kvarandre og utan å heile tida ha karakterjaget i bakhaudet. For det kjem tidsnok.

Vi må passe på at vi tek vare på elevane våre, og vi må passe på at dei får mogelegheiten til å ta vare på meistringsgleden utan å øydeleggje den med karakterpress.

lørdag 23. juli 2011

Mangel på ord

Det finnest ikkje ord som kan omtale det som skjedde i går. Så det får holde med denne:



I dag er vi alle AUFarar.

Hat hatet - elsk kjærleiken.

torsdag 19. mai 2011

Private bibliotek

...fordi det er så spanande med eit Chess-bibliotek?

I dag har FpU kome med ei uttaling om bibliotek. Dei skriv i denne at biblioteka bør privatiserast. I fare for å virke fjåsete i min kommentar til dette, prøvar eg å gi eit slags svar. Men det er vanskeleg å vere seriøs når det kjennest så utruleg useriøst det eg skal kommentere. Ein byrjar jo å lure på om det er seriøst. I beste fall er det kunnskapslaust.

FpU har fleire alternativ til denne privatiseringa av biblioteka. Eit leigesystem, som det vi har på dvdar (korleis står det til med dvd-utleiga for tida? Det går så det susar, eller?) eller eit system med månadsavgift for ubegrensa bruk. Litt som på treningssentera. Poenget er at ein skal ta betalt altså. For det ein brukar, og ikkje "for alle andre". Det skal ein berre gjere for å få ned alkoholavgifter, bensinavgiter og bompengar. Menneskerettane altså.

For dei begrunnar dette forslaget blant anna med menneskerettane. Det er nemleg inga menneskerett med gratis bøker. host. Bortsett frå i artikkel 27, kanskje: "Enhver har rett til fritt å delta i samfunnets kulturelle liv, til å nyte kunst og til å få del i den vitenskaplige fremgang og dens goder."


Og då, FpU, trur eg ikkje det hjelp så mykje å gå på Mammutsal.

Så var det dette med skulebarn sin tilgang til bøker. Noko barn treng. Ikkje alle har masse bøker heime, og tilgang på bøker er positivt for elevar si læring. FpU seier at det på mange skular finnest bibliotek. Desse skal ein ta vare på. Men kva skjer då med biblioteka på mindre stader? I Svelgen, til dømes, har vi eit folkebibliotek, ikkje eit skulebibliotek. Dette folkebiblioteket vil FpU privatisere, og dermed vil dei ta frå barn og unge (og vaksne) i bygda å få mogelegheiten til å låne bøker. Ikkje finnest det noko særleg utsal av bøker der heller, og dette vil ha voldsomme konsekvensar for mogelegheiten folk på mindre plassar har til å ha tilgang til bøker. Kom ikkje her og fortell meg at nokon ville starta eit privat bibliotek i Svelgen.

Også spørs det då, kor spanande det eigentleg er å gå på eit Chess-bibliotek. Og er ikkje bøkene spanande nok i seg sjølv?