tirsdag 10. mai 2011

nynorsk - og hatet

Høgre har nett hatt landsmøte, der dei blant anna vedtok ein resolusjon om skulen. I den samanheng har ein gamal sak atter ein gong blitt aktuell, nemleg det Høgre formelt sett kallar sidemål når dei eigentleg meiner nynorsk. Og at dei vil bli kvitt det. Dette blogginnlegget skal ikkje handle om kva Høgre meiner, det skal handle om kva eg meiner, og kvifor eg meiner at det er feil å lage krig mot eit av dei aktive skriftspråka i landet.

Nynorsk er altså eit av skriftmåla i Noreg, og det eg har blitt opplært til å bruke. Det er det som ligg nærast måten eg pratar på, og det er det eg skriv dersom eg skal skrive noko. Det er òg det språket eg skal få svaret mitt på dersom eg kontaktar staten, og det er det eg likar best å lese. Nynorsk er ein del av min identitet, og ein ganske stor del av det, sidan min kvardag ofte består i mykje skriving. Nynorsk er meg.

Samtidig er det mange, spesielt elevar i skulen, som slit med denne målforma - som for dei er meir eit skulefag enn ei målform dei føler at dei treng. Eg trur mykje av grunnen til at dei mislikar dette skulefaget, er at dei slit med å få det til. Eg trur òg det er fleire grunnar til at dei slit med å få det til. Eit viktig poeng er at vi som har nynorsk som hovudmål, sjeldan slit med å forstå bokmål, sjølv om det er eit sidemål.

Eg trur noko av grunnen til at vi har det "lettare" enn dei med bokmål som hovudmål, er at ein møter bokmål overalt. På tv, i bøker, i aviser, for å kome med nokre dømer. Då vi var små, var det bokmål som prega leikinga vår, og ein blir vande med dette språket som eit språk som ein brukar, sjølv som barn. Eg har framleis ikkje sett eit oslobarn som leikar med nynorsknær dialekt, men trur at dei som eventuelt gjer det, for dei finnest heilt sikkert, har med seg ei gåve som er fin seinare i livet. Brukar ein språk, om så berre på tull, så lærer ein lettare språket.

I tillegg trur eg dette kan ha noko med lærarane å gjere. Sannsynet for at lærarane er særleg gode i nynorsk dersom dei aldri har tatt spesielle nynorske kurs, er ikkje særleg stor. Eg går sjølv på lærarutdanninga, og bortsett frå ein eksamen på nynorsk, var det lite vi møtte på dette språket. I tillegg er storparten av studentane bokmålsbrukarar, og på gruppeoppgåver var det alltid vi som måtte tilpasse oss deira språk. Det var jo lettare for oss (og for all del, det var det nok, eg har ikkje så mykje som ei krydderskei problemar med å omstille språket mitt til bokmål). Så kanskje er bolken med nynorsk eit tiltak for læraren som skal undervise den? Då er det vanskeleg å smitte elevane med entusiasme, vil eg tru.

Det er ein heilt ærleg sak at nokre er mot at vi skal ha eit sidemål som ein del av eit fag på skulen, som ein får karakter på. Men det er ikkje ein ærleg sak at nokre er mot at vi skal ha nynorsk. For det er det eg slit med. Mange er mot nynorsk. Mange er mot det språket eg skriv, og det eg identifiserar meg med. Det blir brent nynorskordbøker i valkampar, før det blir påpeika at det er sidemålet som er problemet. Eg har aldri sett ein nynorskbrukar brenne ei bokmålsordbok, og trur heller ikkje det er noko eg kjem til å sjå. Derimot har eg sett folk brenne mattebøkene sine, utan at dei har foreslått å kutte ut faget, eller delar av det. Mange sliter, til dømes, med sannsyn, men ingen foreslår å kutte det ut.

På ein valdebatt for nokre år sidan la eg fram det paradokset det er at enkelte meiner at det er viktigare at eg lærer tysk eller fransk slik at eg kan handle når eg er på storbyferie, enn at eg skal bli forstått når eg reiser til min eigen hovudstad. Dette meiner eg framleis. Eg forlangar at eg blir forstått i mitt eige land når eg brukar mitt eige språk, og eg forlangar å få svar på brev på mitt hovudmål. Dette kjem eg aldri til å gi meg på, om så alle nynorskordbøker i heile verda blir brent. Det er mitt språk som blir skadelidande når det kjem forslag om å kutte ut sidemål, og det nektar eg å vere med på. Det er mitt språk som vil bli mindre brukt, og det er mitt språk som er i fare. Dei som har bokmål som hovudmål har ingenting å frykte uansett, men det har vi. Difor kjempar vi.

Kombinasjonen nynorskspørsmål-i-media og ny-funksjon-på-facebook har ført til at facebook støtt og stadig minnar meg på at det finnest eit spørsmål som heiter "For eller mot nynorsk", der fleire har svart mot enn for. Det er faktisk noko av det dummaste eg har sett. Korleis er det mogeleg å vere mot eit språk som andre brukar i det daglege? Det er jo like dumt som at eg skulle sagt at eg var mot tysk, fordi eg var dårleg til det på skulen.

Eg vil faktisk seie at eg driter i litt om bokmålselevar har problemar med å lære seg nynorsk.

Get over it, gjer ein innsats, og slutt sytinga.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar