...fordi det er så spanande med eit Chess-bibliotek?
I dag har FpU kome med ei uttaling om bibliotek. Dei skriv i denne at
biblioteka bør privatiserast. I fare for å virke fjåsete i min kommentar til dette, prøvar eg å gi eit slags svar. Men det er vanskeleg å vere seriøs når det kjennest så utruleg useriøst det eg skal kommentere. Ein byrjar jo å lure på om det er seriøst. I beste fall er det kunnskapslaust.
FpU har fleire alternativ til denne privatiseringa av biblioteka. Eit leigesystem, som det vi har på dvdar (korleis står det til med dvd-utleiga for tida? Det går så det susar, eller?) eller eit system med månadsavgift for ubegrensa bruk. Litt som på treningssentera. Poenget er at ein skal ta betalt altså. For det ein brukar, og ikkje "for alle andre". Det skal ein berre gjere for å få ned alkoholavgifter, bensinavgiter og bompengar. Menneskerettane altså.
For dei begrunnar dette forslaget blant anna med menneskerettane. Det er nemleg inga menneskerett med gratis bøker. host. Bortsett frå i
artikkel 27, kanskje: "
Enhver har rett til fritt å delta i samfunnets kulturelle liv, til å nyte kunst og til å få del i den vitenskaplige fremgang og dens goder."
Og då, FpU, trur eg ikkje det hjelp så mykje å gå på Mammutsal.
Så var det dette med skulebarn sin tilgang til bøker. Noko barn treng. Ikkje alle har masse bøker heime, og tilgang på bøker er positivt for elevar si læring. FpU seier at det på mange skular finnest bibliotek. Desse skal ein ta vare på. Men kva skjer då med biblioteka på mindre stader? I Svelgen, til dømes, har vi eit folkebibliotek, ikkje eit skulebibliotek. Dette folkebiblioteket vil FpU privatisere, og dermed vil dei ta frå barn og unge (og vaksne) i bygda å få mogelegheiten til å låne bøker. Ikkje finnest det noko særleg utsal av bøker der heller, og dette vil ha voldsomme konsekvensar for mogelegheiten folk på mindre plassar har til å ha tilgang til bøker. Kom ikkje her og fortell meg at nokon ville starta eit privat bibliotek i Svelgen.
Også spørs det då, kor spanande det eigentleg er å gå på eit Chess-bibliotek. Og er ikkje bøkene spanande nok i seg sjølv?